Løypa

Barneløpet er ca. 1,5 km langt. Starten er ved første gamletunnel mot Dale etter Dalsfjordbrua. Første halvdel av løypa føregår stort sett inne i tunnel. Ein skal igjennom tre, små, søte tunnelar som tidlegare høyrde til fv 57, men som er blitt gang- og sykkelsti etter Dalsfjordsambandet kom i 2013. Etter siste tunnel går løypa langs fortauet nokre hundre meter før ein skal inn på fv. 57 i strekka mot målgang ved Firda Billag i Dale.

oversikt over barneløyoa - arnarsonmila

 

Pris og påmelding

Barneløpet er GRATIS. Påmeldinga skjer på sjølve løpsdagen ved startområdet. Det er ikkje mulig og heller ikkje nødvendig å melde seg på barneløpet på førehand.

Aldersgrense

Alle som er 12 år eller yngre kan vere med!

Vaksne kan hjelpe til

Har du ein forelder, besteforelder, onkel eller kanskje ei tante som du ønsker at skal delta saman med deg? Kanskje du er så liten at du helst ønsker å sitte i barnevogn? Under barneløpet er det mulig å ta med seg ein vaksen “hjelpar” om det er ønskelig.

Det viktigaste er å delta

Visste du at alle barna får premie i Arnarsonmila sitt barneløp? Her er det ikkje fokus på å vinne, men at alle skal delta. I tillegg så er det lov å benytte seg av barnevogn, trehjulsykkel, hoppestokk, ja her er det berre fantasien som setter grenser.