Dalsfjordbrua

I 2013 var bebuarane i Fjaler og Askvoll kommune så heldig at dei fekk bru over Dalsfjorden. Denne brua knytte to kommunar fysisk saman og nærare har dei aldri vore. Løpsideen poppa opp i samband med denne brua då det for første gang (med gjeldande kommunegrenser) vart mogleg å springe mellom Fjaler og Askvoll kommune. 

dalsfjordbrua arnarsonmila

Så kvifor dette Arnarsonnamnet? Ingolf Arnarson var frå Rivedal i Dalsfjorden. I år 874 segla han til Island og busette seg der. Han reknast som den første busetjaren på Island og såleis kan ein seie at Islandsfolket i teorien er Rivedølingar. Om Ingolf var ein løpeglad kar, kan vi ikkje seie for sikkert, men det er i alle fall akkurat 10 km mellom statua av han i Rivedal og til Dale sentrum. Då vart det freistande å køyre løpet nettopp mellom desse posisjonane og vidare kalle løpet for Arnarsonmila.

Ingolf arnarson - arnarsonmila

Arnarsonmila

Arnarsonmila vart arrangert for første gong 12. august 2017 og var ein stor suksess med 69 deltakarar på vaksenløpet og om lag 100 deltakarar på barneløpet. Arrangementet var eit dugnadsbasert samarbeid mellom ein arrangementskomitè, Askvoll- og Holmedal Idrettslag, Holmedal Ungdomslag og Dale Idrettslag. Arrangementskomiteen stod for hovudplanlegginga, idrettslaga stilte med vakter langs løypa og Holmedal ungdomslag stilte med Holmedal Bygdehus og stod for registrering av deltakarar og utdeling av t-skjorter på sjølve løpsdagen. I tillegg stilte over 35 frivillige til å stå vakter langt løypa og hjelpe til elles på sjølve løpsdagen.

Arnarsonmila 69 deltakarar