Prisar
Påmelding og betaling før 15.05.2024 | 250,- NOK |
Påmelding og betaling før 14.06.2024, kl. 18 | 300,- NOK |
Påmelding etter 14.06.2023, kl. 18, og på sjølve løpsdagen | 350,- NOK |
Stafett | 1250,- NOK |
Barneløp | eit smil 🙂 |
Før løpet / registrering
Registrering startar i Holmedal klokka 09:00. Dette skjer ved Holmedal Bygdehus, som ligg like ved Holmedal kyrkje. Her vil Holmedal Ungdomslag registrere alle som skal delta, uavhengig om ein har meldt seg på i forkant eller ynskjer å melde seg på på sjølve løpsdagen. For dei som vil melde seg på laurdag 15. juni vil det vere mogleg å betale med kontant eller med Vipps. Det er ikkje mogeleg å betale med betalingskort.
Ved registrering vil dykk få utdelt deltakartskjorte som de kan springe med dersom det er ønskeleg. I tillegg får de utdelt tidtakarbrikke, refleksband og startnummer. Det er viktig at alle tar på seg begge refleksbanda.
Det vil gå buss frå Holmedal til Rivedal. Det er satt opp to tider. Første buss går 10:25, og siste buss går 10:40. Dette er førehandsette tider og det er viktig at alle stiller i tide slik at starten kan gå som planlagt, klokka 11. Det vil vere mogleg å legge igjen bag eller sekk i bussen under løpet. Bussen vil køyre vidare til Dale når løpet er i gang. Ved ankomst Rivedal vil det bli henvist til plass der løparane må stå for å gjere siste førebuingar til løpet. Ved start blir alle løparane henvist til start.
Vi ønsker å presisere at løparane må springe på venstre side av vegen!
Under løpet
Trafikken vil bli stoppa av politiet ved start av løpet, men når starten har gått vil trafikken gå som normalt igjen.
For å forhindre stor fart (på bilane vel og merke) har vi satt opp vakter langs heile løypa og desse vil bli utstyrt med refleksvestar og skilt med ”Løp pågår”/”Køyr Varsamt” på.
Løpstraseen er lagt på venstre side av vegen heilt inn til Dale og det er viktig at løparane spring på denne sida, det vil sei følge vanlege trafikkreglar. Det er satt opp ein drikkestasjon omtrent halvvegs i løpet, her kan alle løparar forsyne seg med saft og/eller vatn. Denne vil også ligge på venstre side av vegen.
Det vil stå km-merking langs løypa.
Når ein har passert Dalsfjordbrua går løpet vidare opp til dei gamle tunnelane (venstre side av tunnellinngang etter Dalsfjordbrua). Det vil sei at løpet går IKKJE gjennom Nishammartunnelen (den nye tunnelen med rundkøyringa). Her vil det stå både vakter og politi for å veilede løparane opp til dei gamle tunnelane. Men vi ber alle løparane vere obs på dette. Vidare går løypa ned til Dale og målgang. Her står det folk som viser veg. Kan nemne at etter dei gamle tunnelane vil løparane bli vist ned til hovudvegen igjen der det er strake strekka ned til mål.
Etter løpet
Ved mål vil det bli utdelt frukt og drikke for alle løparane. Klokka 13:00 vil det bli premieutdeling til 1-3. plass for kvinneklassen og herreklassen. Det vil bli moglegheit for å dusje i Fjalerhallen i etterkant av løpet. Her er det satt av to garderobar, ein herregarderobe og ein damegarderobe. Desse vil vere open til klokka 14:00. Bussen tilbake til Holmedal vil gå 14:00 frå baksida av Firda Billag.
Oppsummering av tidspunkt
09.00 |
Registrering opnar i Holmedal ungdomshus |
10.25 |
Første buss til Rivedal |
10.40 |
Andre buss til Rivedal |
11.00 |
Løpet startar |
13.15 |
Premieutdeling ved scena i Dale sentrum |
14.00 |
Garderobar i Fjalerhallen stenger |
14.00 |
Buss tilbake til Holmedal |